tirsdag 29. desember 2009

MED LISENS TIL Å LÆKJE

Me er komne til den femtitredje av årets femtito veker, så gje meg lov til å skildre ein grenseoverskridande augneblink i musikk-historia.
Tidlegare i år gav cappelen damm ut boka " den beste låta ", der 19 norske forfattarar tek for seg ein song dei har eit særskild forhold til. Det bykste litt til i hjartet mitt, då eg såg at Agnes Ravatn hadde valgt seg Van Morrison og " and the healing has begun ".
Agnes Ravatn debuterte for nokre år sidan med boka "veke 53 ", og bar allereie då bod om at ei ny og tydeleg stemme hadde slutta seg til den stolte vestlandske tradisjonen med beisk og underfundig humor, ein arv som t.d. Ragnar Hovland forvaltar på ein slik absurd og sjølvgod og praktfull måte. No for tida skriv Agnes R. i den nynorske vekeavisa Dag og Tid, og kom i år ut med artikkelsamlinga " stillstand".
No anar eg ikkje kva Agnes R. skriv om " and the healing has begun ". Men ho
gjev meg eit påskot til å hale denne underfulle songen fram i ljoset på nytt. Dette eposet, som du finn på albumet " into the music " frå 1979, er eit av mange døme på at vel er Van Morrison ein legendarisk surpomp, men det bankar eit hjarte av solid gull bak silkeskjorta.
Songen startar stilt og varsamt, med ei dansande fele bak Van sin meditasjon over den lækjande krafta til raude sommarkjolar. Så ruslar det avgårde igjen med felespel og Van som gryntar og oppildnar musikarane. Sakte byggjer det seg opp i intensitet, før Van brått bryt av og byrjar ein lang mumlande monolog om natterangling og musikk, som ender med at han roper ut " we`re gonna stay up all night long, and then we`re gonna go out and run across the fields ". Og hei, kanskje ser det ikkje så overveldande ut på papiret, men det er noko med måten desse orda kjem fløymande ut av den øvrige teksten , som er så fordømt livsbejaende at du får lyst til å skrike høgt. Kanskje er det klangen i stemma hans, gjenskinet av ungdommeleg fridom, uovervinneleg og lidenskapeleg. Alt eg veit er når han etter dette vender attende til refrenget, er det ikkje lenger berre eit utsagn, det er er djup sanning - And the healing has begun: lækjinga har teke til.
Gleda er ikkje permanent og fastbunden, ho er ein flukt, eit svev i sjela. Enten du møter den i eit anna menneske, i kunsten, i naturen. Det er for desse augneblinkane si skuld me strekkjer oss mot kvarandre. Og har du ein gong kjent slik glede, gløymer du ho aldri. Det er kjærleik. Det er lækjedom.

Sidan me no ser nyåret i kvitauget, vil eg nytte høvet til å takke for følgjet så langt, og ynskje nettopp deg eit impulserande og fantasi-eggjande 2010. Kanskje møtes me att? Eg forblir, som alltid, din blunderbuss.

lørdag 19. desember 2009


TID FOR TOM


Enden er nær - av dette året, i alle høve. Då ser ein seg gjerne attende, til sides og framover og undrar seg på kva i herrens namn ein eigentleg er med på. For å prove at ein faktisk er i live, kårar ein seg til å liste opp årets ditt og datt, og får ganske enkelt orden på sysakene før det ultimate fyrverkeriet tek ein.

Også dette året kom det ut musikk som rørte meg, fekk meg til å danse strutse-aktig over stovegulvet eller flata meg heilt med si djupne og dristigheit. Dirty projector si plate" bitte orca " var ei suveren leik med ulike sjangrar, tinariwen si " imidiwan:companions " ei transeaktig reise gjennom elektrisk ørkensand, og Neko Case " middle cyclone " eit fjellstøtt og suverent nedslag i overgangen mellom tidlaus country og kontemporær rock.

Men la eg min elsk på ei utgjeving dette året, var det Tom Waits sin dobbel-lp " glitter and doom live ", som dokumenterte fjorårets serie av konsertar i USA og Europa. Mannen er ein akopalyptisk profet, ein karnevalsk knivkastar, ein oppfinnar av hjulet - og det morosamste mennesket du kan håpe å møte ved enden av vegen. Saman med Arild Og Ole Johan overvar eg TW sine to konsertar i Edinburgh. Uforgløymeleg. Heile det mange tusentals publikum møtte mannen med ståande applaus, og han ga oss aldri sjansen til å angre på det. Plata har med mange av songane som trollbandt meg mest den kvelden, som " dirt in the ground ", " make it rain " og " Lucinda-ain`t goin`down ".

Nokre gongar gjennom mine år som konsertgjengar har tida stått stille, fordi ei framføring har vore så fullkommen, så rystande. Slik var det med Peter Gabriel si framføring av"biko " på Kalvøya, Rick Danko sin totalt uventa og nydelege "Blind Willie Mctell " på rådhusplassen i Molde. Når TW midt under konserten i Edinburgh sette seg ved pianoet og henta fram av alle ting,"Tom Trauberts blues ", var verda borte og det var berre musikk att. Ekstranummeret den kvelden var ein surrealistisk teatralsk monolog,9th and hennepin, som ingen andre enn TW sjølv kunne ha gjeve liv til.

Så no sit eg her med denne doble lpèn og tenkjer at det går an, at forsoning finst, at rikdomen i oss og rundt oss kan setjast ord på og musikk til. Årets mann, årets namn: Tom Waits.

søndag 25. oktober 2009

ANTIKVARIAT
ELLER: KORLEIS EG FANN MEININGA MED LIVET

Ettersom åra går, og ein vert meir og meir forvirra og utilpass med samfunnet sine krav til konformitet og effektivitet, og ein rundt kvart hushjørne møter gorgon vaktmester inkarnert, søkjer ein tilflukt i ymse stimuli. Her som elles er det kvar sine lyster, som seg hør og bør. For min del har eg sklidd inn i eit djupt og sett utanfrå tragisk avhengigheits-tilhøve til vinyl. Eg nyttar alle høve til å jakte på desse runde, (som oftast) svarte relikviane frå den gåtefulle opphøgde kultusen me for enkeltheits skuld kallar musikk.
Rundt omkring på guds grøne jord fins det enno rikt utsmykka tempel vigd til denne guddommen, og sjølvsagt er det ekstatisk for ein vinylhund å entre slike lokale. Ta til dømes ",råkk`n`rålls" i oslo, eit overflødigheitshorn, ein fest, ein pryd for øyret. Det er berre å gjere som onkel skrue, låse opp døra til pengebingen og hoppe ut i det. Utvalet er massivt, mangslungent, rimeleg. Desse folka veit kva dei driv på med, yppersteprestar som dei er. Etter mi forrige vitjing sjangla eg ut dørene med lp`ar av Don Covay, Robert Johnson og Klabb og babb. Klassikarar alle som ein. Ver ikkje bekymra om det går nokre timar når du fyrst er innanfor dørene, husk: det er kvalitetstid heile vegen.
Likeeins tilrår eg pilgrimar å oppsøke Ringstrøms i same by. Overveldande vennlege og positive, og sjansane for å gjere verkelege kupp til 10 eller 20 kr. er store. Er du innom Haugesund, i gata nedanfor gågata, støyter du også på eit monument over den menneskelege dårskap/klokskap. Eg har gløymt namnet på butikken, og for å vere ærleg; då eg omsider fann vegen ut att, hadde eg nesten gløymt mitt eige også. Eg hadde nervøse rykningar i augeloka av å ha nistirra på plateomslag i time etter salige time, og stod lenge på fortauet utanfor før eg hugsa kvar eg var og kvar eg skulle. Det kan vere ei påkjenning for dei som arbeider slike stader også. Mannen bak disken i Haugesund hadde fått eit alvorleg kink i nakken, etter å ha stått og prisa plater heile kvelden før, så når me snakka saman såg han berre litt varsamt sidelengs på meg av og til.
Men det heilt store, den heilage gral, fann eg i Edinburgh, i ei lurvete sidegate som heiter east crosscauseway. " Backbeat records" var shabby og skitten, men hugs at Jesus vart fødd i ein stall. Saman med mine to våpenbrødre, Ole og Arild, stod eg i døropninga og berre gapte. Og lenger var det knapt mogleg å kome, kasse på kasse med plater, frå golv til tak, dekte nesten kvar kvadratmeter. Berre ei smal passasje kunne du åle deg gjennom . Han som styrte sjappa, bad oss innstendig om å bli der me var, ytre våre ynskje, så skulle han gå inn og leite etter det. Det var ganske enkelt ikkje plass til meir enn eitt menneske om gongen... For eit utval! Han hadde heilt tydeleg mista kontrollen over butikken for fleire år sidan, men når eg såg han stå der omslutta av svaiande vinyl-tårn, var det som mann og butikk smelta saman i ei høgare eining og vart eit levande, snakkande arkiv over musikken si kraft og galskapande glede. Fyren var heavy, visste alt, hadde alt - ein eller annan plass. Dagen etterpå, rett før eg skulle reise, smaug eg meg inn ein gong til. Me byrja å snakke om Little feat, og eg spurte om han hadde noko litt sjeldne ting av den gruppa. Visst hadde han det, han klødde seg litt i håret, før han ba meg om å lette på eit berg av bruskasser fulle med plater, og DER, nedst attmed gulvet, eit heilt knippe av ting eg berre hadde høyrt om, og somt som var komplett ukjend. Eg har aldri opplevd makan, og kunne gladeleg ha flytta inn og budd der resten av livet. Sannsynlegvis den einaste måten eg kunne ha funne ut kva som var der på. Leit den opp, medan den enno er til. Det kan umogleg gå lang tid før veggar og tak byrjar bule ut og heile greia kollapsar. Men enn så lenge; verdas navle for vinylhundar.
Slike plassar er jo balsam for sjela, dedikerte som dei er til musikk i vinylform, men eg må tilstå ein snikande og stadig aukande fascinasjon for antikvariat som nærast ringeaktar vinylen, der det berre står ein stabel henslengt i eit hjørne, mellom hjulvispar og lampeskjermar. Det er på slike plassar du kan gjere dei verkeleg store funna. Og berre for å ha sagt det, ikkje eit vondt ord om dei som eig og driv desse antikvariata, eksentriske, snakkesalige, vennlege ,alltid noko for seg sjølv OG for andre... Men altså; vinyl. Det er klart at du kan støyte på dei mest avskyelege utgjevingar på slike plassar, plater som berre kan karakteriserast som brotsverk mot menneskeætta, og som det kan ta fleire år med tung psykiatri å kome over, men har du fyrst forsona deg med at det fins rom i verda også for boney M- "nightflight to venus" med ufyseleg obskøne postkort som vedlegg, så kan du konsentrere deg om dei skattane som påfallande ofte fins innimellom mudderet. Til dømes stod eg nagla til staden i Ålesund for nokre år sidan, for innimellom dei sjukaste utslaga av 80-tals eurodisco, stod eg brått med Richie Cole si plate "hollywood madness". Og kva så, seier du vel, men høyr: som liten gut, nyfrelst på Tom Waits, låg eg ei sein natt og høyrde på radio, då songen "waitin`for Waits" kom over eteren, eit slags jazza doo-wop greier der Tom berre dukkar opp dei aller siste sekunda av songen,og idet fadinga byrjar, tek til med ei vill historie om kvifor han ikkje kom fram tidsnok. Genialt m.a.o., og eg brukte dei neste tjuefem åra av mitt liv, ispedd litt skulegong, på å jakte etter denne plata, og der, av alle stader, gøymt mellom gråstein; gullet mitt.
Og liknande ting har skjedd fleire gongar. Før du veit ordet av det, står du til dømes med ei klassisk Erik Bye - plate i hendene. Haugesund igjen, og ei bunke med plater lent opp mot ein vegg inne i ei krå, og for nokre plater. .. Om du er for ung eller berre har fortrengd det vil eg uansett fortelje at det på tidleg 70-tal var umåteleg populært å fornorske utanlandske slagarar. Kjente og kjære(sic) artistar som Dag Spantell, Stein Ingebrigtsen o.l. tok på seg den tunge børa det var å presentere dei mest avsindige lyriske plattheiter. Og det selde i bøtter! Difor blada eg meg altså gjennom ting som "jeg lovet deg aldri en rosenhage" med eit i og for seg tidstypisk søtt omslagsbilete av ei syngedame i grovstrikka bikini. Og så: Erik Bye. Monumental. Rett nok tykkjer eg at han vart betre og betre dess eldre han vart, ting som "blå salme" t.d. er eineståande vakkert, men også plata eg fann i Haugesund, utgitt på 60-talet, der han syng songar av Einar Skjæraasen er praktfull, og omslagsdesignet minner om det du fann på rockeplatene på den tida. Baksida er til dømes veldig Dylansk...
Så, for all del, kjære venn; snus etter plater på internett, men vil du bli overrraska, forundra, rysta, ruinert er eit antikvariat rette staden å vitje. Sun Ra forsvarte ein gong mangelen på system i biblioteket sitt med at det gjorde det heile meir interressant. I staden for at han gjekk rett til den staden der han visste at den og den boka sto, måtte han leite seg fram og underveis kom han då frampå dei mest underlege ting som han hadde gløymt at han hadde. Slik er det å fortape seg i eit støvete, trangt antikvariat. Slik er (cue:pompøse trompetar) det igrunnen med livet, også. Dei finaste tinga kjem heilt overrraskande på oss.

onsdag 21. oktober 2009



REBECCA MOORE


KORLEIS MÅLER DU SUKSESS?






Diskografien er ikkje omfattande. Eit kryptisk debutalbum ( admiral charcoal`s song ) utgitt i 1995, eit knippe demoar samla og gitt ut som home wreckordings 1997 - 1999, og så: ingenting. Neppe grunnlag nok til å utrope Rebecca Moore til ein av dei viktigste, mest sentrale artistane dei siste 15 åra, og likevel er nettopp det min påstand.




Rebecca Moore var Jeff Buckley`s muse, venn og kjæraste. Namnet hennar vil difor alltid vere knytt til denne altfor tidleg døde giganten, og altfor lett vil musikken, orda , kunsten hennar bli sett gjennom det filteret. Det er naturleg. Det er menneskeleg. Det er også urettferdig. Stemma hennar er sterk og sjølvstendig. Ho står ikkje i skuggen av nokon, eller på skuldrane til ei kjempe, ikkje meir enn vi alle er resultatet av menneska me har møtt, elska, blitt inspirert av.




Å skape er å ville leve. Det er å være ei von, og ynskje å dele den vona, få den til å fatne i andre sine sjeler. Det er å kjenne på andre si smerte, glede, undring, og ta dei inntil seg, og gje dei ei stemme, eit rom. Det er å kjenne att seg sjølv i det vakraste og det mest vansira. Det mest skamfulle og det edlaste. Det er å skrive namnet sitt i vatn. Rebecca Moore si stemme er ekte. Fordi det er falskt av og til, fordi det skurrar og er uskjøneleg - og fordi ho syng med ei kraft og ein venleik du berre kan håpe å finne i helgnar og utstøtte.




Utgjevingane er få, men ho er der ute, stadig kjempande for dyr sine rettar, for newyork`s kunstmiljø, for mennesket sin rett til å leve fritt og stolt. Ho var ei av dei klåraste røystene som stod opp mot det skrekkpatriotiske regimet til GeorgeW. Bush - og heile tida har ho skrive songar, laga musikk til filmar, spelt i nokre av dei også. Du kan gå inn på youtube og finne ei enkel og nydeleg framføring av den uutgitte songen "speakerphone", eller gå inn på www.myspace.com/rebeccamoore der fleire nye songar er lagt ut. Ho har også ei spennande heimeside: http://www.bluviolin.com/.




Målt i kommersiell suksess er Rebecca Moore ei fotnote i musikkverda. Heldigvis handlar det om så mykje meir enn det. Det handlar om å vere eit heilt og engasjert menneske. Om å tørre å vere i stormen, som Olav H. Hauge ville sagt det. Og Rebecca tør akkurat det. Betre vert det ikkje i mi bok...

søndag 18. oktober 2009

GARTH PÅ RICK`S
nokre ord om konserten


Fins det ei verd utanfor ørsta? Spørsmålet melder seg med jamne mellomrom, og då er det berre eitt å gjere: ta laust for å slå fast at så er tilfelle. Soleis fann eg meg sjølv slumrande på ekspressbussen til bergen i går, på veg for å sjå Garth Hudson spele på Rick`s cafe.

Som tidlegare nemnt har Garth og kona Maud Hudson gjennomført ein miniturne i noreg denne veka. Dette har samband med Garth si gjesterolle på Jeffrey and the free radicals sin nye cd. Difor var det berre naturleg at dei sjølvsame frie radikalane backa ekteparet Hudson, og også hadde eit eige oppvarmingssett.
Det er garva karar dette her, difor hadde eg også venta noko meir av dei. Det vart noko uforløyst og tannlaust over songane dei framførte. Men heldigvis: det skulle bli betre. Langt betre. Etter litt romstering bak sceneteppet lunta Garth Hudson inn på scena, trillande på kona Maud i rullestol. Han luta seg over tangentane, og byrja å mane fram ein mangslungen fantasi på pianoet. I minutt etter minutt vandra temaet gjennom ulike tempi, og fletta inn snuttar av andre melodiar frå den amerikanske sangtradisjonen. Det vart som ein lang meditasjon over Garth sitt eige musikkliv, dvelande, lokkande, drivande toner. Publikum satt musestille. Etter ei æve snur så seg Garth seg mot publikum, mumlar eit raspande " you`re lucky tonight" inn i mikrofonen, før han vender merksemda mot pianoet att. Tonane tek etterkvart form av ein annan song, og når Maud syng dei første linjene til "it makes no difference", er me komne til himmelen. Her skal eg innrømme ein fordom: Maud si stemme har tidlegare forekomt meg noko svulstig og kald, men steikje, kor feil eg har tatt. Ho song så rått og sjelfullt at det var ein fryd.
Mot slutten av songen sneik dei frie radikalene seg inn på scena att, plukka varsamt opp instrumenta sine og la eit dempa komp under det siste verset. Ei nydeleg opning på konserten.
Dei fulgte opp denne med ein dampande heit versjon av "don`t do it " , der Knut Reiersrud fyrte av av ein gitarsolo for historiebøkene. Han berre grov seg djupare og djupare ned i grooven, og nekta å gje seg før publikum omtrent datt ut av seta sine. Ein maktdemonstrasjon, og vesle blunderbuss sat der i mørkret og sitra.

Slik skulle det jo helst ha halde fram, men det gjorde det diverre ikkje. Kommunikasjonen mellom Garth og bandet var ikkje heilt som den skulle, og fleire av songane vart haltande og utan fokus. Spesielt gale gjekk det på "rag mama rag". Det vart korkje rot eller fot. Andre Williams sin "agile, mobile and hostile", derimot, var direkte, rett på og sensuell. Maud Hudson belta den ut som ei gamal bluesdronning, og igjen var Reiersrud der med ein ufatteleg sjelfull og virtuos - og laaang - solo.
Så gjekk bandet av scena, og Garth og Maud, som gjennom heile konserten småprata og kviskra og smilte til kvarandre, leverte kveldens høgdepunkt for meg; ein varsam og intens versjon av "tears of rage". I det heile var det kanskje augneblinkane med berre dei to på scena som fungerte best.

Etter litt Garth solo til slutt var det heile over. Til tider så utruleg bra, og til tider berre rot. Men Garth synte igjen at han, trass si gamaltestamentlege framtoning, var den yngste av alle der. Heile tida leitande, spørjande, dansande over tangentane. Det var ikkje berre vakkert, det var livgjevande. Så barst det ut i bergen-natta, og eit scenario i gatene som stadfesta the band
sin tidlause observasjon: "life is a carnival"...

onsdag 14. oktober 2009


LAUGHING CLOWNS

ei kjærleikshistorie


Av og til skjer det. Nokre gongar i livet, om du er heldig, veit du frå første augneblinken av at du er blitt råka av eit lyn i hjartet ditt. Inni deg skiftar polane plass, og du gir slepp på den du var, utan å nøle, fordi nokon har synt deg den du vil bli. Laughing clowns møtte eg i tenåra. Eg elska dei då, umodent,fomlete og forvirra. Eg elskar dei i dag. Djupt, erfarent - og like forvirra. Eg har aldri fullt ut skjøna kva som gjer dei så uunnværlege i livet mitt. Alle gongane eg har vendt attende til dei, har dei framstått like mystiske. udefinerbare og forbaska uimotståelege. Heva over tid. Heva over tvil. Ekte kjærleik.

Brisbane 1980. Edmund Kuepper høyrde lydar i hovudet sitt. Trommer. Saksofonar. Lydar som ikkje kom til sin rett i bandet han allereie var blitt legendarisk gjennom: The saints. Han allierte seg med den eksepsjonelle trommeslageren Jeffrey Wegener. Desse to skulle halde saman gjennom heile laughing clowns sin turbulente eksistens. Ut av ingen stad dukka den særeigne saxofonisten Bob Farrell opp, og ...nei, vent, der må eg berre stoppe opp. Bob Farrell. Det er berre å tilstå det: eg har hatt eit mentalt crush på den mannen heile mitt såkalt vaksne liv. Javel, så er det ein streit tenor-saxofon han trakterer, men milde skapar,for nokre lydar, for eit leven. I årevis brevveksla eg med bror til Edmund, Wolfgang Kuepper, og eg trur han vart bra lei av det stadige maset mitt om Bob Farrell. Kvar er han? Kva gjer han? Er han i det heile tatt i live?

Bob Farrell spelte seg sjølv. betent og rått og vilt og asymmetrisk og overjordisk vakkert. Sjekk ut den prislause videoen for songen holy joe frå første ep`en til gruppa ( du finn den på youtube ). Etter omgjevnadane å dømme er den spelt inn på settet til karius og baktus. I eit dunkelt halvmørke poserer fem mann meir eller mindre truverdig, og tryllar fram ein skranglete, uskjønn men uendeleg fascinerande låt. Dei fleste er rolege, massivt kule - berre Bob Farrell luskar rundt som ein steppeulv, ulande mot månen, driven av gud veit kva demonar. Og med eit blikk som er så hinsides, som om augene er to blødande sår. Min helt.

Laughing clowns oppnådde aldri kommersiell suksess. Dei var rett nok elska av kritikarane ( " the best band in the world ", Mat Snow - NME ), og gjennom fem tøffe år der dei bokstaveleg talt holdt på å ta livet av kvarandre, spelte dei inn 48 songar som står som ein dirrande påle i rockhistoria. Likevel er dei knapt nok nemnt i oppslagsverka. Eg elskar dei ikkje noko mindre av den grunn. Stemma til Edmund Kuepper, " drunk with disgust", over eit flytande, pulserande lavautbrot av eit ensemble,treff meg enno som ingenting anna. Og eg har enno ikkje kome meg gjennom songen "the laughing clowns", utan å ha endt opp delirisk dansande på stovegolvet.. ..

Bandet vart oppløyst i 1985. Utmatta, sjuke. Edmund Kuepper tok fatt på ei lang solo-karriere med enkelte perler av nokre songar ( "queen of winter hotel", "this hideous place", "the cockfighter"), og så: lo and behold, i fjor møttes fire av dei sentrale medlemmene igjen, stemte instrumenta og tok til på eit nytt kapittel i soga om laughing clowns. Ein musikk som ikkje høyrtes ut som noko anna. som du likevel kunne kjenne deg att i og hente krefter til å takle livet frå. og danse som ein zombie attpå. Takk.








søndag 11. oktober 2009


Den sjølvutnevnte `wimp of darkness` opnar augene og ser seg skremd ikring. Blogg? sa nokon blogg? kva blogg? Himmel, her gjeld det å tenkje raskt. Han krøkjer seg over tastaturet medan svetteperlene dansar lystig over det drikvite andletet. Så byrjar han å skrive.


Hjarteleg velkomen, vakre framande. Eg, din samansvorne, lever livet mitt i, gjennom og for musikk. Det fins verre lagnader. I denne bloggen vil du difor finne skamlaus hyllest til dei mest obskure artister. Sterkt subjektive meldingar av personlege ( og upersonlege... )favorittar, og underleg svevande tåkeprat om ymse musikalske fenomen.

Som andre kunstarter, er også musikken promiskuøs. Difor vil nok både tv,film og teater kome til å dele seng med musikken i denne bloggen. Kva som enn får oss gjennom natta.


GARTH HUDSON

Trollmann. Alkymist. Geni.


Når Garth Hudson kjem til bygds, er tida inne for å leite fram krakken, og strekkje seg skjelvande etter orda på øvste hylla. Denne mannen har trollbunde publikum i fem tiår, gjennom tida i TheBand, med Bob Dylan og tallause andre artister. Dei som har sett han live, eller i t.d. konsertfilmen The last waltz, vil minnast nokre viltre hårtustar vaiande bak eit orgel. Som ein godmodig mangearma blekksprut som fangar inn og samlar dei ulike under- og overtonane i dei duvande rytmene, og tilset sin eigen signatur. Sitt unike fingeravtrykk.

Garth Hudson sine solos kjem ofte skjenande inn som frå ein annan dimensjon. Framandarta, og likevel underleg kjende. Av og til på grensa til det atonale. Ei samansmelting av bordellet og bedehuset. Sjekk ut det han gjer på songen `stagefright ` i The last waltz. Rick Danko sin vokal er skjelvande, rastlaus. Driven framover av orda han syng. Garth fangar han, lyfter han opp. Som eit spotlys sveipar han inn over dei andre instrumenta, blendande virtuost. Perfekt.


Komande veke er han i Noreg. Drammen på onsdag, Oslo dagen etter, deretter Stavanger ( fredag ) og Bergen ( laurdag ). Han har med seg kona Maud Hudson på vokal, og eit kjempelag av norske musikarar, m.a. Knut Reiersrud. Men først og fremst altså; Garth Hudson på piano,orgel,saksofon,akkordion etc. Ver der eller ver ein firkant.


FAGNAD: godorda denne veka går til Egil Olsen, for å ha sjarmert publikum i senk på RUST under` prelease`-konserten for `nothing like the love i have for you `. Fint på plate. Briljant live.