
Den sjølvutnevnte `wimp of darkness` opnar augene og ser seg skremd ikring. Blogg? sa nokon blogg? kva blogg? Himmel, her gjeld det å tenkje raskt. Han krøkjer seg over tastaturet medan svetteperlene dansar lystig over det drikvite andletet. Så byrjar han å skrive.
Hjarteleg velkomen, vakre framande. Eg, din samansvorne, lever livet mitt i, gjennom og for musikk. Det fins verre lagnader. I denne bloggen vil du difor finne skamlaus hyllest til dei mest obskure artister. Sterkt subjektive meldingar av personlege ( og upersonlege... )favorittar, og underleg svevande tåkeprat om ymse musikalske fenomen.
Som andre kunstarter, er også musikken promiskuøs. Difor vil nok både tv,film og teater kome til å dele seng med musikken i denne bloggen. Kva som enn får oss gjennom natta.
GARTH HUDSON
Trollmann. Alkymist. Geni.
Når Garth Hudson kjem til bygds, er tida inne for å leite fram krakken, og strekkje seg skjelvande etter orda på øvste hylla. Denne mannen har trollbunde publikum i fem tiår, gjennom tida i TheBand, med Bob Dylan og tallause andre artister. Dei som har sett han live, eller i t.d. konsertfilmen The last waltz, vil minnast nokre viltre hårtustar vaiande bak eit orgel. Som ein godmodig mangearma blekksprut som fangar inn og samlar dei ulike under- og overtonane i dei duvande rytmene, og tilset sin eigen signatur. Sitt unike fingeravtrykk.
Garth Hudson sine solos kjem ofte skjenande inn som frå ein annan dimensjon. Framandarta, og likevel underleg kjende. Av og til på grensa til det atonale. Ei samansmelting av bordellet og bedehuset. Sjekk ut det han gjer på songen `stagefright ` i The last waltz. Rick Danko sin vokal er skjelvande, rastlaus. Driven framover av orda han syng. Garth fangar han, lyfter han opp. Som eit spotlys sveipar han inn over dei andre instrumenta, blendande virtuost. Perfekt.
Komande veke er han i Noreg. Drammen på onsdag, Oslo dagen etter, deretter Stavanger ( fredag ) og Bergen ( laurdag ). Han har med seg kona Maud Hudson på vokal, og eit kjempelag av norske musikarar, m.a. Knut Reiersrud. Men først og fremst altså; Garth Hudson på piano,orgel,saksofon,akkordion etc. Ver der eller ver ein firkant.
FAGNAD: godorda denne veka går til Egil Olsen, for å ha sjarmert publikum i senk på RUST under` prelease`-konserten for `nothing like the love i have for you `. Fint på plate. Briljant live.
Eg kjenner ikkje Hudson, men eg er svært glad for at du har funne ein stad på verdsveven der eg kan få ditt unike fingeravtrykk!
SvarSlettGledar meg til å følgje deg og musikken din! Eg eg viss på at den også kan gje meg glede.
Heyhey, ikkje verst! Og for ikkje å snakke om fantastisk utradisjonelt (sikkert sidan dette er heilt nytt for deg).
SvarSlettOegg ved ein adressa til min blogg, og frå den kan du klikke deg vidare til andre bloggar og nettstader
Min blogg er forøvrig utradisjonelt lite aktiv.